Hopp til hovedinnhold

Stad

Sjøstovo ved ferjekaien på Borgundøy.

Turkart

Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.

Start- og sluttpunkt

Ferjekaien/gjestehamna ved Sjøstovo på Borgundøy.

Parkering

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Parkering ved Sydnes ferjekai for dei som nyttar ferje tur/retur Borgundøy. Du kan også ta bilen over med ferja, og køyra opp til P-plass 150 moh. ved Furehaugen på gamle Aksdalsvegen. Dei som kjem med eigen båt, er velkomne til gjestehamna ved Sjøstovo.

Merking

Informasjonstavle ved Sjøstovo/ferjekaien. Nødvendige skilting langs vegen. T-merkinga startar ved P-plassen 150 moh.

Gradering

Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

0 - 462 moh. Tidsbruk 3 timar t/r. 4 timar dersom ein vel rundturen, sjå under turomtale.

Gode råd

Rundturen kan anbefalast, sjå under turomtale.

Turomtale

Frå Sjøstovo gå vegen oppover mot Brekke skule og vegkrysset på høgste punktet. Ta skogsvegen til høgre rett før krysset. Følg denne 300 meter fram til P-plass, og derfrå på god sti til toppen gjennom Storaskar. Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein følgja merka sti på ryggen nedover mot nord. Denne stien går ned til flata ved Kattanakken og ut mot utsiktspunkt mot Aske og Aksdal. Vidare på sti og skogsveg ned til Møllesvik, og på skogsveg attende mot Krekjahaugen og ferjekaien/gjestehamna. Møllesvik er ein idyll, og Krekjahaugen er ein av dei flottaste gravhaugane frå folkevandringstid som er funnen i Sunnhordland.  

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

Kontakt

Adresse:
  • 5459 Fjelberg
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår
Total stigning:
  • 462m
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde

Hvor er Tursti til Borgundnuten på Borgundøy?